Temakveld: Mestring i skolen
Dysleksi Sunnfjord inviterer til temakveld i Concordbygget (Førde), måndag 13. februar kl. 18.00-20.00.
Temakvelden er open for alle, gratis inngang.
- 18.00 - 18.20 Orientering NY-GIV prosjektet v/ trainee Marit Hammerseng
- 18:20 - 18:50 Om lesevanskar og grunnleggande ferdigheter v/ Ny GIV-lærar Marie Vårdal
- 18.50 – 19.00 Pause
- 19.00 - 19.30 Korleis verkar bruken av kompenserande hjelpemiddel inn på elevar med lese- og skrivevanskar i forhold til oppleving av mestring? v/ spesialpedagog Lillian Anderson Dale
- 19.30 – 20.00 Kaffi/te og smørbrød
Nasjonal statestikk viser at 1 av 3 elevar sluttar i vidaregåande opplæring utan å oppnå studiekompetanse eller fagbrev. Gjennom Ny GIV prosjektet vert det sett i gang fleire tiltak både i ungdomskulen og i den vidaregåande skulen. Målet er at elevane skal oppleve meistring og motivasjon og fullføre skulegangen.
Ungdomskular, vidaregåande skular og lærebedrifter skal no ha eit tettare samarbeid for å følgje opp elevane.
Marit Hammerseng vil fortelje om tankane bak prosjektet Ny GIV og korleis prosjektet vert organisert i Sogn og Fjordane. Hammerseng er trainee i Sogn og Fjordane fylkeskommune ved opplæringsavdelinga, utdanna sosiolog frå NTNU og har skrive masteroppgåve om fråfall i vidaregåande skule.
Marie Vårdal er lærar på Øyrane vidaregåande skule og vil fortelje om lesevanskar og språkvanskar. I Ny GIV skal grunnleggande dugleikar i lesing, skriving og rekning styrkast hos elevane. Det er ein sterk samanheng mellom låge prestasjonar i norsk og matematikk på ungdomskulen og fråfall i vidaregåande.
TIDLEG INNSATS I GRUNNSKULEN ER VIKTIG! Kunnskap og effektiv opplæring i bruk av lese- og skrivestøtteprogram, kan for mange elevar påverke sjølvoppfatninga og gi auka mestring.
Lillian Anderson Dale vil fortelje om sine undersøkingar der målet har vore å finne ut korleis ein kan nå inn til elevar med lese- og skrivevanskar – med kunnskap og effektiv opplæring i bruk av lese- og skrivestøtteprogram – slik at dei kan konsentrere seg om innhaldet i dei teoritunge faga og oppleve mestring. Ved å halde saman informasjon om korleis skuleåra har vore, i kva grad dei har møtt forståing, fått god opplæring og ved hjelp av teori om dysleksi, og mestring, vil Dale forsøke å sjå korleis skuleerfaringane kan ha påverka sjølvoppfatninga og mestringskjensla. Forskinga vil kunne få relevans for korleis Førde kommune planlegg satsinga i forhold til å bli ein kommune med dysleksivennlege skular. Dale er spesialpedagog i Førde kommune, masterstudent og har m.a. heldt foredrag i Berlin i forbindelse med lansering av Lingdys på Tysk for tyskarar.
Har du spørsmål – ta kontakt med
Dysleksilaget i Sunnfjord v/ Sissel K Jensen, Tlf.: 412 01 767.
E-post: sisselekjensen@hotmail.com
Arr:
DYSLEKSILAGET I SUNNFJORD
- for alle med lese-, skrive- eller matematikkvanskar













